.
.
Juleturnè 2026
TBA
Juleturnè 2025
I meir enn ti år har Julesong spreidd lys, glede og julestemning i kyrkjer og kulturhus rundt om i Vestland. Med tre unike solistar og eit erfarent lag av musikarar har konserten blitt eit fast og kjært innslag i førjulstida for mange.
Julesong er kjend for sitt varierte program som spenner frå dei store juleklassikarane til salmar, gospel og folketonar – men også moderne musikk som høver i juletida. Det er nettopp denne breidda som gjer konserten til noko heilt spesielt: ei blanding av tradisjon, nærleik og nytolking som treff publikum i alle aldrar.

Foto: Jacob Årøy

Songarane
Kari Malmanger frå Rosendal er utdanna folkesongar og etnomusikolog, og har studert ved både Raulandsakademiet og Ole Bull Akademiet på Voss. Ho forvaltar tradisjonsstoff frå Vestlandet og har den sjeldne evna til å formidla både ro og kraft gjennom songen. Kari losar konserten, og bind programmet saman med små tekstpassasjar som gjev heilskap og løft i julestemninga.
Einar Bolstad, fenomenet frå Luster, er ein av fleire syngande røyrleggarar i landet – og få har den varmen i stemma som han. Han er kjend for si tolking av «O helga natt» og andre store juleklassikarar, og når han ikkje er på turné med Julesong, reiser han rundt på festivalar og konsertar med bandet Folk Flest.
Gunn Marit Kvåle frå Sogndal er den yngste i Julesong-flokken, men har alt opparbeidd seg solid erfaring som artist og låtskrivar. I 2025 gav ho ut debutalbumet Eit fullt møblert hjarte, som fekk strålande kritikkar. Etter fleire låtar på engelsk har ho no teke i bruk songdalsdialekten, noko som starta med julelåta Heim til deg, mykje spela på NRK P1 i 2024 – og sjølvsagt ein del av Julesong-programmet.
Musikarane
På scena står også erfarne musikarar som Inge Ronny Kvåle (strengeinstrument), Bjørn Tore Årøy (tangentar), Gjest Ingeson Kvåle (gitar), John Børge Askeland (bass) og Trond Øyre (lyd og lysdesign).
Ei musikalsk førjulsoppleving
Julesong handlar om meir enn musikk. Det handlar om å stoppa opp i førjulstida, finna roa og la tonane og tekstane minne oss på kvifor me feirar jul. Programmet er sett saman med omtanke og variasjon, slik at alle skal finna noko som treff – anten det er folketonar frå Vestlandet, gospel, kjende julesongar eller nye melodiar med bodskap og varme.
Set av kvelden, og opplev Julesong – ei musikalsk reise som bind saman tradisjon, tru og tidlaus julestemning.